Om oss

Fjellseter ungdomssenter ligg ved Nysætervatnet, nær alpinanlegget på Fjellsætra. Der er rikt høve til friluftsliv sommar som vinter. Senteret blir mykje nytta til weekendar for frivillige organisasjonar, som kor, korps, konfirmantarbeid, speidarar og liknande. Nokre veker i vintersesongen er der leirskule.

Fjellseter ungdomssenter passar også godt til arrangement som bryllup, konfirmasjon og andre små og store selskap.
Hovudbygget har 40-50 sengeplassar, peisestue/leikerom, moderne kjøkken, kafé og stor møtesal. I kjellaren er der matsal/bordtennisrom. I tillegg har senteret ei stor og ei lita hytte, begge med toalett og dusj.

Senteret er vanlegvis ubetjent.
Senteret er alkoholfritt.
 
Fjellseter ungdomssenter har eit fint uteområde med robåt, kanoar og fotballbane.

Velkommen!